Velkomen til

Ytre Standal


Lita bygd i stor natur


Velkomen til Ytre Standal



Midt i villaste Sunnmørsalpane ligg Ytre Standal. Med kort veg til både klatreeldoradoet Molladalen, og til fjordfiske på vakre Hjørundfjorden er dette plassen for å få gode naturopplevingar.

Vi har to hytter til utleige, begge ligg ved sjøen. Her kan du slappe av og nyte flott natur i rolege omgivnadar.

På garden har vi 120 geiter og kje. Har du prøvd å mjølke geiter før? Her har du sjansen til å vere med når vi mjølkar geitene og forar dyra. På ein gard er det alltid aktivitet. Vi har også ein leikeplass på tunet med mellom anna trampoline. Dette er ein feriestad for heile familien!

Du kjem deg til Ytre Standal ved å fylgje E39 frå Ålesund til Festøy, derifrå køyrer du om lag 10 km inn Hjørundfjorden. Kjem du frå Ørsta går vegen til Follestaddalen (Fv55) og over Standaleidet, deretter om lag 5 km ut fjorden mot Festøy.

Marta og Kjetil Standal ynskjer deg velkomen til ein ferie på Standal Natur- og feriesenter.